Logic List Mailing Archive

Associate Professorship in Philosophy of Mind, Bergen (Norway), Deadline: 23 Feb 2013

Universitetet i Bergen
FOF - Institutt for filosofi og førstesemester

Universitetet i Bergen (UiB) er eit internasjonalt anerkjent 
forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved seks 
fakultet. Vi held til midt i hjartet av Bergen og har røter tilbake til 
grunnlegginga av Bergens Museum i 1825. Det viktigaste bidraget vårt til 
samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd.

Førsteamanuensis i filosofi (sinnsfilosofi eller språkfilosofi)

Ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium er det ledig fast stilling 
som førsteamanuensis i sinnsfilosofi eller språkfilosofi frå 01.08.2013.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha generell forskingskompetanse i filosofi med norsk doktorgrad 
eller tilsvarande. Dei må ha forskingskompetanse innan sinnfilosofi eller 
språkfilosofi, i tillegg er det ønskjeleg med spesialkompetanse i ytterlegare 
ein filosofisk disiplin.

Aktuelle søkjarar må vere aktive forskarar med publikasjonar på høgt 
internasjonalt nivå.

Dei må ha tilstrekkeleg brei fagleg kompetanse til å kunne undervise og 
rettleie innanfor fleire ulike emne på ulike fagtrinn og også innanfor område 
der dei ikkje har spesialkompetanse.

Evne til og erfaring frå fagleg miljøbygging, kontaktskapande verksemd og 
etablering av forskarnettverk både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, samt 
evne til og erfaring frå innhenting av ekstern finansiering vil bli vektlagt.

Den som vert tilsett, må ha pedagogisk basisutdanning. Søkjarar som ikkje 
fyller dette kravet ved tilsetjing, får tilbod om opplæring og må dokumentere 
at utdanninga er fullført innan eitt år etter dato for tilsetjing. Fristen er 
to år for den som ved tilsetjing ikkje meistrer eit skandinavisk språk.

Om stillinga

Undervisningsspråket er norsk. Det blir kravd at den som vert tilsett kan 
undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk seinast innan to år etter 
tilsetjing. Den tilsette vil få tilbod om norskkurs i desse høva.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved 
Universitetet i Bergen, og følgjer dei retningslinene som til kvar tid gjeld 
for stillinga.

Delar av undervisningsplikta vil omfatte undervisning ved examen philosophicum.

Løn

Løn etter lønssteg 57 (kode 1011/LR24) i statens regulativ, for tida kr. 468 
400 per år. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For 
særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Det 
vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Andre opplysningar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til 
instituttstyrar Reidar K. Lie på telefon 55 58 94 37 eller e-post 
Reidar.Lie@fof.uib.no.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire 
søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i 
Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i 
befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og 
kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar 
med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meirinnsyn ved tilsetjing i 
vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege 
sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom 
oppmodinga ikkje blir teken til følgje skal søkjaren varslast om dette.

Slik søkjer du stillinga

Søknad skal sendast elektronisk via link på denne sida ?SØK PÅ JOBBEN?. 
Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om søkjaren sine undervisnings- og 
forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.

Dette må følgje søknaden:

     Søknadsbrev
     Samandrag av ph.d.-avhandlinga, inntil 3 sider
     Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå 
universitet/høgskular
     Kommentert publikasjonsliste
     Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar
     Dokumentasjon av og informasjon om pedagogisk innsats og kvalifikasjonar

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Merk: Det skal sendast inntil 5 vitskaplege publikasjonar eller upubliserte 
manuskript (inkl. doktoravhandlinga), med liste over desse (i alt 3 eksemplar, 
ferdig sortert i 3 bunkar) til: Universitetet i Bergen, Institutt for filosofi 
og førstesemesterstudium, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Søkjarar må gje opp dei arbeida eller delar av arbeida som det skal leggjast 
særleg vekt på ved vurderinga.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til prøveførelesing og intervju.

Søknadsfrist: 23.02.2013

Søknaden skal merkast: 13/541